Yes.. dei første 3 dagane av 2011 blei i stor grad utført i samarbeid med sofaen.. Etter eit litt uheldig fall på nyttårsaften så blei det slik..
Men.. la oss spole tilbake til veka mellom jul og nyttår..
Eg er på butikken.. har ein plan om å gjere alle innkjøp på ein dag sånn at eg slepp fleire turer på butikken denne veka...Ein tanke slår ned.. denne veka skal eg virkelig være sunn og ete masse frukt og grønnsaker..."Eg har jo eingang ete ei sånn vegetargryte som var kjempegod.. og så var det jo en chiligryta.. den og er jo sikkert supergod uten kjøtt i..." så eg rasker med meg alt eg ser av grønnsaker som eg liker, all frukten eg vil ha.. eg ler og tenker "haha! kjøtt og kylling! åneidu kompis..!!"
Så skjer det, som nevnt tidligare.. dei første 3 dagane av 2011 blei i stor grad utført i samarbeid med sofaen... eg klarer ikkje ta på meg sokker og sko, eg kjem meg ikkje ut til bilen, eg kjem meg ikkje inn i bilen, eg sitt fast med eit kjøleskap som kun inneheldt grønnsaker og frukt... Etter ein og ein halv dag er eg DRITA LEI av gulerøtter, brokkoli og blomkål.... lang historie kort.. eg overlevde denne veka og, er no heldigvis fullt mobil igjen og eg skal aldri bli vegetarianer.
Ca Torsdag denne veka var eg og pappa på langtur til Knarvik.. han kjøpte seg både det eine og det andre og HELDIGVIS fant me ein presang til stakkar Bodil som måtte være heime aleine..
Alle katter med respekt for seg sjøl MÅ ha kattegym.. det skjønner jo alle..
Siden eg har vært masse på sofaen har det og blitt eindel tid til strikking.. eg har ikkje vært særlig flink til å strikke mønster.. men det er riktignok fordi eg bare har prøvd ein gang. Torsdag skulle det egentlig være møte i strikkeklubben "Knitting Bitches" men pga snø og dårlig føre måtte me rett og slett avlyse.. det var grådig synd for då fekk eg ikkje vise fram kor flink eg har vært! SJÅ HER DÅ!!!
Så er me komt til lørdag.. eg måkte snø.. igjen.. det VAAAR så mykje snø... og eg er så dårlig til å måke.. for eg e så svak og puslete.. men eg har måkt.. (det låg ei lita (ca 2m) brei stripe som eg hadde eit håp at brøytebilen skulle ta med seg når den for forbi, men eg trur ikkje den forsto ka eg meinte for han tok den aldri.. og han var forbi 3 ganger.. ) Det betyr no igrunnen ingenting no.. for no har all snøen regna vekk.. så viss eg hadde hatt litt is i magen så kunne eg ha latt snøen ligge.. (men i min mage er det stort sett grønnsaker.. )
Som avsluttning på frukt og grønt veka tenkte eg at eg IKKJE skulle ete nåke usunt, ja.. ikkje eingang lørdag! så eg lagde heimelaga chips.. uten poteter, fett, og ka det noe enn er chips består av.
Egenltig har eg bare laga heilt sedvanlige knekkebrød.. men eg tok litt ekstra vatn i sånn at eg klarte å få dei heilt supertynne, (fekk tre brett av ein "deig" som eg vanligvis får to brett av) krydra et brett med salt og pepper, et med paprika og ett med kvitløk og persille... og vips.. knekkechips.. det smakte faktisk ganske godt.. og sjøl om det ikkje er heilt supersundt så er det jo i høgaste grad sunnare enn vanlig chips.. 
Verdens beste gladmelding kom og på lørdagen.. Kanskje ikkje verdens beste.. men det hjalp på humøret.. eg og pappa (mest pappa) har gått over strømrekningane mine og det kan sjå ut som om eg har betalt 15000 for mykje i strøm.. ja du leste riktig.. FEMTENTUSEN! No tenker du sikkert.. kordan går det an å betale inn så mykje for mykje i strøm? Der må eg bare legge meg heilt flat og sei at eg har ikkje satt meg inn i strøm.. eg syns det var mykje å betale, men strøm må ein no ha uansett.. det en MÅ ha er som regel dyrt.. heldigvis blei rekningane så høge at tilogmed eg ante ugler i mosen.. no har me sendt ein mail til dei.. så får me sjå ka dei svarer..
og for dei 15000.. skal eg kjøpe meg ein snøfres...
steike ! Flink og effektiv du gitt ! !:)
SvarSlettSnøfreser er en god invistering vil eg tru ;)
Kan du legge ut bilde av leiligheten så vi får se kor fint du har det?:)